Pagliacci
From Wikipedia, the free encyclopedia
I Pagliacci, Pagliacci eller Bajazzo (‘Klovnane’) er ein kort to-akters opera med libretto og musikk av Ruggiero Leoncavallo. Han blei uroppført i Teatro Dal Verme i Milano i Italia den 21. mai 1892 med Arturo Toscanini som dirigent.
| |||
Språk | italiensk | ||
---|---|---|---|
Tilverting | 1891 | ||
Sjanger | verisme | ||
Utgitt | 19. hundreåret | ||
Uroppføring | 21. mai 1892 |
Operaen handlar om eit utanomekteskapeleg kjærleiksforhold mellom kona til ein omreisande skodespelar og ein landsbymann. Affæren endar med at begge blir drepne. Skodespelaren, Canio, er leiaren for eit commedia dell'arte-selskap. Han drep kona si Nedda og elskaren hennar Silvio på scena under ei framsyning. Leoncavallo var inspirert av ei verkeleg hending frå barndommen sin.[1]
Pagliacci er den einaste operaen av Leoncavallo som framleis blir jamleg framført.[2] Som oftast blir han sett opp saman med Cavalleria rusticana av Pietro Mascagni.[3] Han blir framleis framført verda over.