Pave Frans
pave for den katolske kyrkja / From Wikipedia, the free encyclopedia
Pave Frans (fødd Jorge Mario Bergoglio, 17. desember 1936 i Buenos Aires i Argentina) vart vald til pave 13. mars 2013. Han var erkebiskop av Buenos Aires og primas for Den katolske kyrkja i Argentina.
Kjappe fakta Dåpsnamn, Fødd ...
Frans | |||
| |||
Franciscus | |||
Dåpsnamn | Jorge Mario Bergoglio | ||
---|---|---|---|
Fødd | 17. desember 1936 Buenos Aires i Argentina | ||
Vald | 13. mars 2013 | ||
Føregangar: | Benedikt XVI |
Close
Frans er den fyrste paven frå Amerika. Han er òg den fyrste paven som har teke namnet Frans (latin Franciscus), eit namn som knyter han til både Frans av Assisi[1] og til Frans Xavier, som var med å grunnleggje jesuittordenen, som Jorge Mario Bergoglio var medlem av.