Roland TR-808
From Wikipedia, the free encyclopedia
Roland TR-808 Rhythm Composer (òg berre kjend som «808») var ein av dei første programmerbare trommemaskinane («TR» er ei forkorting for Transistor Rhythm). Han vart lansert av Roland Corporation tidleg i 1980 og vart opphavleg laga som ein reiskap for studiomusikarar som skulle lage demoar. Som tidlegare trommemaskinar frå Roland, høyrest han ikkje ut som verkelege trommer. TR-808 kom ut berre få månader etter Linn LM-1, som var den første trommemaskinen som nytta digitale samplingar. Profesjonelle musikarar rekna lyden frå TR-808 som langt dårlegare enn sampla trommemaskinar, men prisen på ein TR-808 var om lag fem gonger billigare enn ein LM-1, kring US$1 195 då han først kom ut.
Trommemaskinar har vorte ein viktig del av lyden i hip hop, sidan det har vore ein billig og enkel måte å produsere trommelydar på. Roland TR-808 vart mykje nytta fordi han hadde høve til å produsere ei basstromme med særs lågfrekvent lyd.[1] Han hadde òg fleire unike, kunstige perkusjonslydar som var karakteristiske for TR-808. Roland TR-808 vart etter kvart nytta på fleire hitplater enn nokon annan trommemaskin,[2] og har derfor fått ein ikonisk status i musikkindustrien.[3] Etterfølgjaren til maskinen var Roland TR-909.