The Basement Tapes
studioalbum av Bob Dylan og The Band / From Wikipedia, the free encyclopedia
The Basement Tapes er eit studioalbum av Bob Dylan og The Band. Det kom ut 26. juni 1975 på Columbia Records og er det 16. studioalbumet til Dylan. Songane med Dylan på vokal vart spelte inn i 1967, åtte år før albumet kom ut, i huset Big Pink og andre hus i og kring Woodstock i New York, der Dylan og The Band budde på den tida. Sjølv om dei fleste av Dylan-songane var gjevne ut på piratkopialbum, var The Basement Tapes den første offisielle utgjevinga av desse innspelingane. Tittelen tyder «kjellaropptaka».
The Basement Tapes Studioalbum av Bob Dylan og The Band | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 26. juni 1975 | |
Innspelt | Dylan – The Band-innspelingar: Juni til september 1967; The Band aleine: 1967–1968, seinare lydspor: 1975 | |
Sjanger | ||
Lengd | 1:16:41 | |
Selskap | Columbia | |
Produsent | Bob Dylan, The Band | |
Bob Dylan-kronologi | ||
---|---|---|
Blood on the Tracks (1975) |
The Basement Tapes | Desire (1976) |
The Band-kronologi | ||
Before the Flood (1974) |
The Basement Tapes | Northern Light – Southern Cross (1975)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [3] |
Chicago Tribune | [4] |
Christgau's Record Guide | A+[5] |
Encyclopedia of Popular Music | [6] |
Entertainment Weekly | A[7] |
PopMatters | 9/10[8] |
The Rolling Stone Album Guide | [9] |
Under verdsturneen sin i 1965–1966, spelte Dylan med rockebandet The Hawks, som seinare vart det kjende The Band. Etter at Dylan skadde seg i ei motorsykkelulukke i juli 1966, flytta medlemmene av The Hawks til nabolaget til Dylan i Woodstock-området for å samarbeide med han på både musikk- og filmprosjekt. Dylan heldt seg borte frå ålmenta i 1967 og spelte inn meir enn 100 songar i lag med The Band, som bestod av både originale songar, andre sine songar og tradisjonelle songar. Den nye stilen til Dylan flytta seg frå den urbane kjensla og dei omfattande sogene som hadde prega dei siste albuma hans, som Highway 61 Revisited og Blonde On Blonde, til songar som var meir intime og nytta trekk frå tradisjonell amerikansk musikk. Nokre av kjellarsongane er humoristiske, andre omhandlar berre småting. Generelt har songane mange trekk frå amerikansk folkemusikk. For somme kritikarar synte songane på The Basement Tapes, som sirkulerte breitt i uoffisielle former, ei stor stilmessig endring for rocken seint i 60-åra.
Då Columbia Records førebudde albumet for den offisielle utgjevinga i 1975, vart det lagt til åtte songar som var spelte inn av The Band aleine på forskjellige stader mellom 1967 og 1975, i tillegg til 16 songar som Dylan og The Band spelte inn i 1967. Det vart lagt til ekstra lydspor på fleire av songane i 1975. The Basement Tapes vart kritikarrost då det kom ut og nådde sjuandeplassen på Billboard 200-lista. Kritikarar stilte spørsmål ved formatet til albumet i 1975, sidan det utelet somme av dei mest kjende songane til Dylan frå 1967, og i staden tok med songar av The Band som ikkje var spelte inn i Woodstock.