Yayoi Kusama
japansk kunstnar / From Wikipedia, the free encyclopedia
Yayoi Kusama (fødd 22. mars 1929) er ein japansk kunstnar som hovudsakleg lagar skulpturar og installasjonar, men også driv med måleri, performance, videokunst, mote, poesi, skjønnlitteratur og andre kunstformer. Verket hennar byggjer på konseptkunst og inneheld element frå feminisme, minimalisme, surrealisme, art brut, popkunst og abstrakt ekspresjonisme, og kan ha sjølvbiografisk, psykologisk og seksuelt innhald. Ho er blitt omtalt som ein av dei viktigaste levande kunstnarane til å koma frå Japan.[1]
Yayoi Kusama | |
Fødenamn | 草間 彌生, Kusama Yayoi |
Statsborgarskap | Japan |
Fødd | 22. mars 1929 (95 år) Matsumoto i Nagano |
Yrke | bilethoggar, romanforfattar, kunstmålar, skribent, teiknar, fotograf, installasjonskunstnar, conceptual artist, motedesigner, videokunstner, performancekunstner, collagist, bygningstegner, biletkunstnar |
Sjanger | abstrakt kunst, installasjonskunst, kunstnerisk utsmykking |
Medlem av | Zero |
Yayoi Kusama på Commons |
Kusama voks opp i Matsumoto, og utdanna seg ved Kyoto kunsthøgskule i den tradisjonelle japanske målarstilen nihonga.[2] Men ho blei òg inspirert av amerikansk abstrakt impresjonisme. I 1958 flytta ho til New York og blei etterkvart med i avant-garde-scena der, særleg i pop-art-rørsla.[3] Ho tok del i hippierørsla og motkulturen på slutten av 1960-åra, og blei offentleg kjend då ho arrangerte ei rekkje happenings der nakne deltakarar blei måla med fargerike polkadottar.[4][5] Sidan 1970-talet har Kusama fortsett å laga kunst, der installasjonar på ulike museum rundt om i verda er dei mest kjende.[6]
Kusama har vore open om den mentale helsa si. Ho har sagt at kunst er blitt måten hennar til å uttrykka dei mentale problema sine.[7] I eit intervju med Infinity Net sa ho: «Eg slost mot smerte, angst og frykt kvar dag, og den einaste måten eg har funne som lettar sjukdommen min er å fortsetja å skapa kunst. Eg følgde tråden for kunst og fann på eit eller anna vis ein veg som let meg halda fram med å leva.»[lower-alpha 1][8]